|
|
Tue, Mar. 3rd, 2009, 11:06 am emigrering
hei! eg har emigrert til wordpress! sjekk ut grapecityjuice.wordpress.com , og kviskr meg gjerne nokre ord der! smil, k!
Eg har fått nye favoritt designare: The Blondes! Fy, så fantastisk, fargerikt, fantasifullt og fandenivoldskt! Åh, ja! Dei er så overdådige, som berre gammel Galliano for Dior kunne vere. Her er nokre bilete frå vår/sumarkolleksjonen deira:  Dette biletet er nytta som framside for heile kolleksjonen. Det er så rosa, så fantastisk, rett og slett for overdådig, for mykje, humoristisk, ironisk. Kvinneleg som berre ein mann kunne lage det.  Her er nok eit bilete som visar noko av det same: Ei kjole laga som var ho av gåvetråd. Det er så enkelt, så utruleg fantasifult og så overdådig. Det er så chic, det er så overskridande på same tid. Det er smart, ironisk, hept og moro.  Her ei ein av mine favorittar frå denne kolleksjonen: Denne enkle men akk så utruleg fine kjola. På ein eller annan måte klarar The Blonds alltid å unngå at det blir for mykje. Det er ikkje overlessa, det er berre så uendeleg elegant. Dei lagar klede som er fulle av VIDD. Ja, du leste riktig. Det er så gatesmart, så bare det at. Denne kjola er provet. Enkel, nydeleg, elegant. Kven trenger smykke når ein kan gå med sånt? FAB, FAB, FAB!
dei kallar han melankolsk eg kallar han drittsekk
dei seier han berre er redd når han ligger rundt eg seier han er ein drittsekk
ein kveld viftar eg litt med kjønnslippene til saftene syder ut munnvikene hans
så eg stiftar ballene hans til ei lyktestolpe
så kan dei stå der å slikke som andre tisper Sat, Feb. 28th, 2009, 11:59 pm overstadig
han var ikkje av den moralske overklasse han hadde dinglande rumpe vi tok ein drink før han sa fukk åff til ei jente i skippergata når eg seinare ikkje ville pule spurte han om eg høyrte klassisk eg blåste røyken mjukt i andletet hans sa nei, bere funk du veit ordet det kjem frå lukta av sex negrane dei ureine og jazz frå jizz, sæd, nedlatande som var det ei negerjentene som patta på kuken ordet, eg seier faen ta faen ta pisset ditt eg drikk det før eg klippar kuken din av med hekkesaks
det er nokre album eg kan høyre igjen og igjen nokre songer eg kan ta på nokre rom eg kan vere i og dei vert som gjengangarar rom eg kan dvele i men som susar gjennom meg og det finnest ingenting å halde fast i veggene smuldrar opp og eg er åleine, berre min eigen framand
Wed, Feb. 25th, 2009, 05:44 pm utdrag
M: Hei, unnskuld, kjennar eg deg? K: Nei, det trur eg ikkje. Hei, mitt namn er K. Huggeleg å treffe deg. M: Hei. M her. Huggeleg, ja. M: Veit du kvar vi er? K: Kva meiner du? Vi er jo her. M: Jo, men kvar er her? K: Her? Det er vel her vel. I dette rommet. M: Ja, jo, men kvar er det? K: Eg veit ikkje, det må vel vere her. Her, er det du ser rundt oss. Det er der du og eg er. Du veit, her, rommet vårt. M: Åh. Er det her vi er? K: Ja. Det er her vi er. M: Har vi vore her lenge? K: Eg veit ikkje, for tida utanfor og tida innanfor er ikkje den same. Tida før, om der er tjue år, er berre eit blunk. Og om det var berre er fire dagar sidan eg traff deg spelar inga rolle, for dette rommet er ikkje som dei andre romma, som verda. Frå setning til setning er det likelangt, uansett om setninga inneheld eit år tusen eller eit sekund. M: Tydar det at eg elskar deg, tydar det at vi kjem til å vere saman for alltid? K: Dette er ikkje deg og dette er ikkje meg. Meiner du oss her eller oss der ute? Vi har møttest, der er inga veg attende.Vi kjem til å vere i dette rommet, vi kjem til å vere her til dei sluttar å eksistere, og kanskje enno lengre. I byrjinga kjem dei til å kome innom her ofte, etter kvart mindre og mindre. Kanskje veit dei ikkje kvar dei er, kanskje vil dei tru at det er ein draum, eller berre ein fantasi. Dei vil kome innom, men dei vil ikkje vite kvar dei er, ettersom vårt rom ikkje er som deira, og dette er ikkje deira rom. Og for kvar gong dei kjem inn her kjem dei til å kjenne seg mindre og mindre igjen, og kjærkeiken deira kjem til å bli mindre og mindre sterk, og etterkvart vil ho bli endra til noko anna, til kjensla av framandskap, til kjensla av mangel og av sorg. Men dei vil miste orda, dei vil mista orda dei pratar med, dei vil gløyme. Og etter ei stund kjem vi til å slutte å prate med kvarandre vi òg, etter ei stund kjem vi til å gløyme korleis vi snakkar. Vi vil sjå på kvarandre og ikkje vite kva vi skal seie, ikkje vite korleis, ikkje vite kva. Vi vil bli ukjend med kvarandre, med oss sjølv. Og alt kjem til å bleikne, lydane, fargene, til og med sjølve uttstrekninga til tingene kjem til sakte å forsvinne. Rommet kjem til å minske, til å endre seg frå å vere eit levande rom kjem det til å bli flatt, som eit bilete, som eit frimerke og du òg eg kjem til å bli som rissingar på dei kvite veggene, som knapt synlege omriss, som noko ei mulegvis kan skimte om ein ser varleg gjennom eit forstørringsglas. M: Åh. Døyr vi då? K (Smilar): Nei, der er berre dei som døyr. Dei der ute. Utanfor dette rommet.
Wed, Feb. 4th, 2009, 07:32 pm ståa
eg trur der er dette som er det akademiske livet. opp på blindern til åtte eller ti, og kome heim ti eller tolv timar seinare. ikkje det at eg berre les der då. men det er liksom litt frustrerande det òg, at det nesten verkar som om heile livet mitt er på blindern: eg trener der, eg et der, eg tar ein kaffi med venner der. så glad i blindern er eg ikkje. men i studia, jo, det er eg. så, no når eg er komen heim skal eg sette meg ned med Verdenslitteraturen, den vestlige tradisjonen, kanskje lage litt mac&cheese og rett og slett kose meg. mhm.
Kvinneleg identitet er knytt til kjensler og smerte. Det skal faen meg ikkje vere behageleg å vere kvinne. For vi lev framleis i eit samfunn der det kvinnelege er knytt til det vene, og der ein som kjent må lide for venleiken. For, når såg du sist med i korsett? Når såg du sist men i sko som kunne brekke anklene deira? Du har ikkje sett det. Kvinna har eit andsvar for den estetiske moral. Ho skal sørgje for at noko framleis er vakkert i eit desillusjonert samfunn. Om det er huset, kroppen, kunsten, andletet eller borna hennar har ho eit andsvar for det vene. Kvinner kan ikkje skrive grotesk, det er eit brot på det kvinnelege. Sette på spissen kan ein seie at den desillusjonerte mannen går ute i den kapitalistiske verda, kjempar om makt og trampar på dei han må for å kome seg opp og fram, for å forsøgje eller kome i ein possisjon til det. Eg trur det framleis er sånn menn i større grad enn kvinner imponerer ved å ha ein høg stilling med makt. Samstundes er heimen framleis kvinna sitt andsvarsområde, det er i stor grad ho som har andsvar for venleik, og ikkje minst kos. "Eg byggar faen ikkje pepperkakehus, for det er HOMO!" Sitatet kjem frå eit kaffibesøk eg var i. Det var tre par mellom tjue og tredve som var det, i tillegg til meg og venninna mi. Eg spurte og grov litt, av di eg tykte det var ein underleg yttring. Men bygging av pepperkakehus så eg, det har jo litt tilfelles med både arkitetur og byggingsverksemd, og det er vel ikkje særleg homo? Nei, måtte mannen medgå, det var jo ikkje eg. Eg trur, framhald han, at det kanskje er dette med pyntinga. Pynting er altså homo. Av di det er feminint. Dette kjem kanskje ikkje som noko overrasking. Spanande var det at alle mennene rund sofabordet var samde i at om dei hadde hatt born, og pynta med og for borna, då var det greit å lage pepperkakehus og pynte og greier. Det var altså pyntinga for sin eigen del som var et femenine eller homofile. Som far har ein altså lov til å vere feminin, til å pynte, og ein kan altså då ta del i andsvaret for venleik, og i venleiken. Kanskje er det av di ein ved å lage barn har ein gong for alle bekrefta at ein er Mann med stor M, og på ingen som helst måte homofil. Kanskje er det på tide å setje alle gifte menn inn i korseter og på høge helar, og la dei lide litt for venleiken dei òg. Når vi uansett har fått etablert at dei ikkje er homo liksom.
Fri, Jan. 30th, 2009, 04:35 pm
Kielos har reist mye rundt og holdt foredrag for elever på ungdomsskoler. Der har hun blant annet pleid å dele tavlen i to, og be jentene skrive på den ene siden hva de gjør for å unngå å bli voldtatt, og guttene gjøre det samme på den andre siden. Resultatet er slående. Jentenes side blir fylt opp av alskens metoder, guttenes forblir blank.Spanande artikkel om det som verkar som ei svært spanande bok, Romantikk og Voldtekt. Boka tar mellom anna føre seg spørsmålet om eit samfunn utan valdtekt er mogel, samstundes som ho forklarar valdtekt ut i frå eit perspektiv om at det handlar om kjønn, kjønnsroller og maktforskjellar. Romantikk og valdtekt står i boka som forskjelle ytterpunkt i kvinneleg seksualitet, kontrasten mellom det ideelle og det katastrofale. Spanande bok, spanande.
om eg aldri skulle kome uthan set seg opp på brystkassa så eg ikkje får puste eg trur ho skal knekke eg vrir andletet vekk det er ikkje plass til dette i biografien jamrar eg eg orkar det ikkje berre skriv ned dei lille løgnene dine seier han spyttar på meg kva faen trur du eigentleg at du er del meg opp, sel meg ut i bitareg skulle ønske det var dei orda som fekk meg ut av dette som kunne komme inn lippene å få orden ta ein vårreingjering lage eit hagesal, selje alt eller brenne bråtebrann om det skulle vere sant grin egser ut i rommet fingrene inntulla i silkeskjerfet om det skulle vere sant diktet set seg på brystkassa og det knakar hallo er det nokon der inne, han bankar på brystbeinet eg lukkar auga og er stiv stiv stiv vil ikkje sjå han hallo lever du der inne, tispe, må eg til med gjennoppliving? han hoppar av og legg hendene rett over solarplexus gje faen snappar eg, fort inn med pusten, lét meg vere eg dyttar til han så han tumlar bakover og styrtar inst inn i hjørnet av rommet han knekker knokene du kan berre prøve seie han du kan berre prøve deg
Sun, Jan. 25th, 2009, 03:36 pm scenario
set at eg skyt meg framfor auga dine du ser meg eg ser deg se meg rivast i filler som i ein av dei filmane ein skyt med basooka der blodet sprutar tenk om eg hadde betalt han og seier, no
...
no
...
tenk om kjøtet mit virvlar ut i rommet som sommarfuglar det syng i øyra dine av smellet
og i ei lang stund får du vere nummen
i ei kort stund får eg vere heil Wed, Jan. 21st, 2009, 07:11 pm 21.01
del meg opp, sel meg ut i bitareg skulle ønske det var dei orda som fekk meg ut av dette som kunne komme inn lippene å få orden ta ein vårreingjering lage eit hagesal, selje alt eller brenne bråtebrann om eg aldri skulle kome uthan set seg opp på brystkassa så eg ikkje får puste eg trur ho skal knekke eg vrir andletet vekk det er ikkje plass til dette i biografien jamrar eg eg orkar det ikkje berre skriv ned dei lille løgnene dine seier han spyttar på meg kva faen trur du eigentleg at du er om det skulle vere sant grin egser ut i rommet fingrene intulla i silkeskjerfet om det skulle vere sant diktet set seg på brystkassa og det knakar hallo er det nokon der inne, han bankar på brystbeinet eg lukkar auga og er stiv stiv stiv vil ikkje sjå han hallo lever du der inne, tispe, må eg til med gjennoppliving? han hoppar av og legg hendene rett over solarplexus gje faen snappar eg, fort inn med pusten, lét meg vere eg dyttar til han så han tumlar bakover og styrtar inst inn i hjørnet av rommet han knekker knokene har du mot eller? har du mot?
gode mørkre kjære kom kom kringom meg igjen kjære mørkre, gode eg har så lenge så lenge har eg vore din ven så gjer dette for meg kjærast mørkre kom å kom kringom kom kringom meg igjen stel meg frå sola for orda dei strammar orda dei strammar stramt kringom halsen rundt halsen hans, å, høgt elska strammar dei, strammar dei rundt halsen hans, å høgt elska strammar dei, strammar dei
Eg sådde eit frø under eika. Eg trampa det ned i jorda, med støvlene trampa eg det ned i jorda, så veks veks veks Eg sådde ei rose i eikeskogen. Med støvlene trampa eg ho ned i jorda trampa eg ho ned, med støvlene, så veks! veks! veks! Å, lær meg Lær meg mor, å mor å vakse. Å mor lær meg korleis eg kan finne meg ein bjart mann, i mørke, i skogen Lær meg å vakse med han, mor Å mor
Wed, Jan. 14th, 2009, 09:43 pm nøgd
eg kan vere nøgd med hausten 08, første semester, to A'ar og ein bestått, 40 studiepoeng og 50% jobb. i tillegg har eg fått 25 000 frå sparebanken 1 i hordaland, for poesien. så, eg er litt stolt og nøgd. og har fått roa og trua på at dette kan gå. at eg kan gå. og det er deilig, deilig å sleppe å tvile så mykje. dessutan er det spanande å tenkje på dette nye året, og kva eg kan få til, om eg vil. så no er det viktig i tida frametter, å finne ut, kva vil eg eigentleg? kva er det eg eigentleg vil? og kva skal til for å ha det best mogleg samstundes som eg oppnår alle desse fine tinga? eit sentralt spørsmål er om eg skal ta førti eller tretti studiepoeng i vår. på den eine sida har eg angst for stort studielån (det talar for førti). på den andre sida har eg lyst til å ha meir tid til å skrive og meir tid til lit1302, litteraturen frå 1700-1900 (det talar for tretti). på tredje side er det sånn at om eg berre tar tretti studiepoeng, så har eg berre grupper og førelesingar på Blindern to dagar i veka. og sidan eg verkleg er av den tru at lediggang er rota til alt vondt, talar det for 40. så, kanskje førti? eg kjem visst ingen veg.
Mon, Jan. 12th, 2009, 12:12 am painter
my baby loved to paint oatfields in rain to hear the pinetree cry it's leaves a lullaby
we waked from dusk till dawn he drew circles in my palm as we felt safe and sound our leaves fely slowly to the ground
as our love grew red autumn lay our winter bed our world is filled with snow i know that he must go
and as i waited on winter sang the sadest song while soon the spring to come he'd be forever gone
the room is pale the world is pale now life is pale
and still i walk in the circles he painted
Sun, Jan. 11th, 2009, 11:58 pm song of defeat
come let's go down to the park and i'll show you all that i keep in my dark oh come let's carve out our heart and talk with our fingers i hope that you will understand i can't try, i can't try
hey babe don't give me your heart i've told i'm bad with jewleries i'll simply go and break it i always tend to lose a thing that sparks forget it in the safest place that i could find to hide it so boy i hope you understand i wont try the best i can
and as i said from the start i always tend to lose so don't you go and start to love me i said i tend to bruise i like my pretty scars and love it aint no game for me i never wanted wining boy i hop you understand my defeat is al i plan
i'll never try the best i can
so i wont try, i wont try!
farfar er ikkje daud enno han er berre blitt så mykje mindre flanell mjukt mot kroppen han smiler seier i den bygde eg garasjen til far din det luktar sterke armar det luktar eg kan sette verda saman farfar er ikkje daud enno men vi veit det ikkje er lenge til han byggar på biletet byggar far mi, byggar meg
Sun, Jan. 11th, 2009, 12:48 pm møte i eit rom
han kjem stille ut av veggen større enn meg sit seg på sengekanta eg trer opp frå madrassen blir spindelvev omsluttar han heile han heile meg
det er i grunnen heilt absurd at dei kallar det tåregass, når det i aller størst grad kanskje rammar pusten og gjer ein så kvalm og åndelaus at ein mest har lyst å legge seg ned og døy. tåregass du liksom, nett som ein berre grin litt og blir trist og spring sin veg. det er ikkje heilt sånn altså. i oslo i kveld så ein unge som gjekk til åtak på politiet. det var tydeleg at det var politiet sjølv, som for mange var målet. sjølve makta. heldigvis, kan ein nesten seie, har politiet dette overmektige vapenet som sender alle demonstrantar springange avgårde. elles kunne det ført til enno meir valdelege samanstør med fleire skadde. og politiet må sjølvsagt ha makt i ein rettstat, rett til å skudde til dømes israels ambasade. men, likevel, det sett ein støkk i ein når ein ser valdsbruken til politiet kan ein ikkje la vere å verte uroa. svært mange av dei mest aggresive av demonstrantane i dag var ungdom, fleire under atten år, med minoritetsbakgrunn. fleire av dei som var aggresive i etterkant av fakkeltoget i oslo i kveld, retta aggresjonen sin direkte mot politiet, mot makta, med stor M. det er tragisk, ikkje mest av di det til dels øydelegg ein fredeleg og viktig demonstrasjon mot krig, men av di det vitnar om ein vassvittig avmaktskjensle hos denne ungdomen. òg det, det er frykteleg trist.
|